Sverige - News Summed Up

Sverige


Iran kallar tilbake ambassadøren sin i SverigeIran kallar heim ambassadøren sin i Sverige for å protestere mot dommen mot den iranske statsborgaren Hamid Noury. – Den islamske republikken Iran har, i protest mot uttalen og den ulovlege dommen som vart utskriven i Sverige mot Hamid Noury vedteke å kalle tilbake ambassadøren sin i Sverige for konsultasjon, seier Nasser Kanani, talsmann for det iranske utanriksdepartementet, i ei fråsegn. Iranske Hamid Noury vart torsdag dømd i Stockholm tingrett for drap på politiske fangar og krigsbrotsverk i Iran. Rettssaka har vore ein av dei største i sitt slag i Sverige, og blant dei 70 vitna som har forklart seg, er tidlegare politiske fangar som sat innesperra i Gohardasht-fengselet der Noury jobba på 1980-talet. I Iran er dommen møtt med sterk fordømming.


Source: Bergensavisen July 20, 2022 22:39 UTC



Loading...
Loading...
  

Loading...

                           
/* -------------------------- overlay advertisemnt -------------------------- */