Språkleg dumskap frå AN - News Summed Up

Språkleg dumskap frå AN


Det er sjeldan eg bryr meg om IKEAs planar, men eg måtte stusse då an.no 6.11. hadde valt å omsette minister Erling Sandes svar frå nynorsk til bokmål, "Teksten er oversatt frå nynorsk til bokmål" som det stod i eit haleheng. Slike omsettingar er heilt komiske, dei høyrer meir heime på ein revyscene enn i ei seriøs avis. Det luktar meir av å halde oppe eit slags språkleg forbod mot nynorsk enn omsyn til både avsendar (statsråden) og lesarar. Slikt er gammaldags, kjære AN, omsettingar høyrer ei fjern fortid til. Når dokker tar inn avisinnlegg på nynorsk (utan å omsette dei til bokmål), så treng dokker i alle fall ikkje å omsette tekstar frå statstråden til bokmål.


Source: Avisa Nordland November 08, 2023 18:15 UTC



Loading...
Loading...
  

Loading...