På tide med «skatt på død»Noreg treng nyskaping, utan å bli ein bananrepublikk. Då er skatt på arv betre enn formuesskatt. Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) kom med ei finte då han møtte næringslivet i Grand selskapslokaler i Bergen i august. For fjernar ein formuesskatten vil dei i staden kunne få same løysing som andre land: skatt på arv og høgare skatt på eigedom. I den brune eimen av gammal rikdom i eit siderom, spurte eg han om det ikkje var fornuftig å gjere akkurat det: senke formuesskatten og innføre skatt på arv.
Source: Bergens Tidende January 16, 2026 12:18 UTC