Epos er kjend langs heile vestlandskysten, med 63 års historie som eit viktig tilskot til kulturlivet i bygdene. Ikkje minst som eit viktig tilskot til litteraturformidling for born og unge på mindre stadar, i samarbeid med dei lokale biblioteka som ofte har avgrensa midlar til å arrangera på eige hand. Båten byr på litteraturformidling av framifrå kvalitet med høgaktuelle framsyningar, skrivekurs og samtalar som fremjar leseglede og litteraturinteresse, ein møteplass med kafé og til tider bar. Turneane er eit tilbod til alle kommunane i Vestland fylke. Om ikkje skuslar me vekk det finaste arvesølvet ein vestlending kan ha.
Source: Bergensavisen December 09, 2025 19:22 UTC