Heilt frå grendehuset brann, har eg undra meg over at det gjekk så seint med å koma i gang med opprydding på branntomta og å gjera klart for nytt hus. Nå har nytt hus vore ferdig ganske lenge, det manglar bare å setja inn stolar og anna inventar. Eg ventar ikkje at ting og tiltak i Ørsdalen skal prioriterast, men eg ventar heller ikkje at me skal oppleva noko som minner svært om trenering. Men slik eg har eit klart inntrykk av, er det stor sans for vårt syn hjå kommunestyremedlemmene. Det som i alle fall er ugreitt, er å ha eit ferdig nytt hus som ikkje kan brukast.
Source: Dalane Tidende May 13, 2024 15:57 UTC