Kjelder på båe sider meiner at nominasjonsprosessen har vore nærast mønstergyldig til Ap å vere. Men det er slett ikkje uproblematisk at ein som i 2017-valkampen gav 2,5 millionar kroner til Ap, no frontar den eine kandidaten. Kan han ikkje berre gå på medlemsmøtet i Fana Ap som andre folk, som ei kjelde utbraut. Trond Mohn er ein velgjerar for både Bergen og Ap. Frå Persen-leiren blir dei varme orda frå Mohn – ikkje uventa – møtte med jubel.
Source: Bergens Tidende January 07, 2019 21:48 UTC