Det høyrest ut som eit stille sus i juletreskogen i Hallingdal. Viken fylkeskommune, lzm! Å gjera Oslo til ein kommune i Viken, på line med Bergen kommune i Vestland fylkeskommune, går langt ut over Erna Solbergs politiske vågemot. Aller helst ville statsministeren samla heile landet til eitt Viken, på eitt fylkesfat. Når sogningar og fjordingar og hordalendingar (inklusiv bergensarane) er samla i eitt rike, kan vi berre vona at rogalendingar og sunnmøringar snart vil hoppa i høyet saman med oss.
Source: Bergens Tidende January 07, 2019 06:11 UTC