Men uansett er dette ikkje «en meget sterk indikasjon» om «valgfritt» sidemål. Rønning er vonbroten over at gjennomsnittskarakteren i norsk hovudmål i Nordland ikkje har greidd å gå fram frå 3,9 sidan 2009. Eg finn ikkje dette talet hos SSB, men viss det er rett, så er det jo svært høgt. Eg trudde det var ekstremt dårlege resultat i Nordland, men viss Rønning har rett, så er det jo topp resultat her allereie. Avslutningsvis: Viss Rønnings trepunkts grunngjeving skal brukast som grunnlag for ein søknad om «valgfritt sidemål» i Nordland, så legg for all del søknaden bort.
Source: Avisa Nordland November 28, 2023 20:01 UTC