Hordfast kan få bompengar i 40 år, dersom Øyvind Halleraker i pådrivarselskapet Hordfast AS får viljen sin. I Nasjonal transportplan (NTP) er kostnaden berekna til 40 milliardar, mot 20 milliardar i 2013. Bompengepotensialet er sett til 14 milliardar, og dersom det skal betalast ned på 15 år, vert takstane uforholdsmessig høge. Men i haust foreslo Olav Ellevset, tidlegare regiondirektør i Statens vegvesen, ei opning for 40 års nedbetaling på bompengeprosjekt. Ei så lang nedbetalingstid vil ikkje vere fornuftig på bypakker som i Bergen, der ein er avhengig av å gje plass til nye prosjekt med jamne mellomrom.
Source: Bergens Tidende January 04, 2019 05:48 UTC