E134 ved Fjæra i Etne skulle etter planen opna igjen onsdag denne veka, men arbeidet er forseinka. Vegen som blei stengd etter eit steinskred 1. mars, opnar ikkje før i neste veke. Oppryddingsarbeidet må difor truleg stansa heilt torsdag og fredag, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen. Det blir trafikkregulering i form av kolonnekøyring i lang tid når vegen opnar, ifølgje Finden. Måndag fekk dei evakuerte flytta heim igjen til Fjæra.
Source: Bergens Tidende March 10, 2026 23:18 UTC