Dei er òg i sin fulle rett til å hetsa den medlemsstyrte paraplyorganisasjonen til norsk fotball; Noregs Fotballforbund. Fellesnemnaren her, er at det vert ytra ønsker om å avgrensa det demokratiet som i dag finst i fotballen. Å gjera Lise Klaveness til ein motstandar, om ein ønsker meir demokrati i fotballen, er ein ganske underleg strategi. Fotballpresidenten har nemleg opna dører for Aslak Sverdrup og Brann, i kampen for å forsvara ytringsfridomen til Brann-supporterane. Særleg Sverdrup, men òg Klaveness, hadde fortent ein stor takk frå supportarar over heile Europa for innsatsen sin.
Source: Bergensavisen April 07, 2025 01:36 UTC