Begge laga er inne i ei knalltøff veke. Bergsøy spelte seriekamp i 4. divisjon mot AaFK 2 sist fredag, møter AaFK i cupen onsdag, og så er det klart for viktig kamp i 4. divisjon mot Volda allereie to dager seinare, komande fredag. – Vi er inne i ei knalltøff veke, men vi kjem ikkje til å spare spelarar i cupkampen. Skal vi ha eit håp om å matche AaFK, må vi køyre på med det vi har, seier Sandanger, som ser fram til å få AaFK på besøk.
Source: Aftenposten April 17, 2018 18:33 UTC