Ikkje alle i Bjerkreim formannskap kunne stilla seg bak oppvekstsjef Kari Anne Bergøy sitt forslag til uttale om privateskuleinitiativet i Eigersund. Det er Utdanningsdirektoratet som skal fatta vedtak i saka, men vertskommunen, altså Eigersund, har rett til å uttala seg. Uttalane frå nabokommunane blir ein del av grunnlaget for saka Forsmo skal legga fram for eigersundspolitikarane i mai. Med unntak av Vassbø støtta formannskapet Bergøy sitt forslag til uttale. Saka har òg vore innom ungdomsrådet, der alle stilte seg bak oppvekstsjefen sitt forslag.
Source: Dalane Tidende March 19, 2026 15:04 UTC