I ein kort periode etter Sovjetunionens kollaps i 1991, vart mange års sensur og kontroll av historieforskinga avløyst av openheit og kontakt med utlandet. Som ledd i Putins styring av historiebruk og akademisk aktivitet likviderte Putin Memorial Society i februar 2022. Russiske kollegar som kom frå arkivbesøk i vest fekk også besøk av det russiske hemmelege politiet som beslagla kjeldene deira. I mens gler vi oss over at vi fekk eit kort vindu av historisk openheit. Vår relasjon til naboen i aust har i sanning gått i bølgjer og har vore prega av historias luner.