– Politiet blei tipsa då den tomme båten blei oppdaga frå ein annan fiskebåt i området. Det er tau i propellen på båten, og ingen personar er observert i eller ved båten. Overflatedykkarar frå Eigersund brann og redning har rykt ut til båten, og dykkarar frå Stavanger er på veg. Det blei iverksett lunge- og hjerteredning straks han var henta opp av sjøen, men livet stod ikkje til å redda. Rundt klokka halv tre opplyste Stapnes at gjenopplivingsforsøket var avslutta, og at 54-åringen var erklært død om bord i redningshelikopteret.


Source:   Dalane Tidende
July 02, 2023 22:34 UTC